22.-25. juni er det planlagt Londontur for 17-åringar.
Londonturen er no fullteikna. Det er mogleg å setja seg opp på venteliste. Det blir berre plass dersom nokon melder avbud grunna sjukdom eller liknande, då me har bindande påmelding.
Ta kontakt med Liv Merete F. Pedersen på: liv.merete.pedersen@bomlo.kommune.no dersom du ønskjer å stå på venteliste.
Bli med kyrkjelydane på Bømlo til London.
Dette er for deg som blir 17 år i 2024.
Tidspunktet for turen vert 22. juni - 25. juni 2024.
Påmeldinga opnar 2. januar 2024 kl. 09.00. Bindande påmelding innan 31. januar 2024 her: Påmelding Tru:D17 Londontur 2024
Det er maks 50 plassar på turen.
Trusopplæringa skal vera eit tilbod til alle, uavhengig av funksjonsevne. Økonomi skal heller ikkje vera ein ekskluderande faktor. Difor vert det lagt til rette for å kunna søkja støtte til turen. Kor stor del av kostnaden som vert gitt støtte til, blir vurdert for kvar enkelt søknad.
Ein eventuell søknad skal innehalda:
- Namn på ungdommen det gjeld
- Grunngjeving av behov for økonomisk støtte
Send søknad til liv.merete.pedersen@bomlo.kommune.no innan 21. januar 2024
Me håpar mange 17-åringar blir med på tur!