Kyrkja i Bømlo inviterer til sorggruppe med oppstart i juni 2024.
Å mista nokon som står ein nær kan vera ei tung byrde å bera. Med sorggruppa ynskjer me å tilby eit trygt og støttande rom. Å dela sorga og opplevingar med andre i same situasjon kan vera til hjelp for å finna vegen vidare.
Gruppa vil ha faste deltakarar, erfarne leiarar, og 6-8 samlingar.
Ynskjer og treng du å delta i ei sorggruppe, eller ynskjer meir informasjon kan du ta kontakt innan 15. juni:
Sissel F. Våge, diakon i kyrkjelydane på Bømlo, e-post: sissel.vage@bomlo.kommune.no eller tlf. 993 25 028.
For individuell samtale er du velkommen til å ta kontakt med diakon eller prest i din kyrkjelyd.