Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Tru:D 9+ Supersamling 13. og 14. august 2024


13. og 14. august er alle som snart skal begynna på 4. trinn velkomne til supersamling i kyrkja.

I år blir Supersamlinga for 9-åringar tysdag 13. august og onsdag 14. august. Dette er eit trusopplæringstiltak me berre har i Bremnes sokn. Supersamling er to dagar med variert program frå morgon til ettermiddag. Det vert samlingar i kyrkja, og tur i nærområdet, kan hende både på sjø og land. 

I Bibelen kan me lesa om fleire superheltar, og desse to dagane skal me bli kjende med nokre av dei.

Påmelding til Supersamling innan 20. juni her: Tru:D9+ Supersamling

Velkommen til Supersamling!

Tilbake