Tur til London med ungdomar juni 2024


Laurdag 22. juni - tysdag 25. juni reiste me på tur til London med 50 ungdomar.

Ei stor oppleving!

Laurdag 22. - tysdag 25. juni reiste me frå kyrkjelydane på Bømlo med 50 17-åringar til London. Dette er ein del av trusopplæringstilbodet me har for ungdomane våre.

I fjor vår når me hadde samling for desse ungdomane som fjorårskonfirmantar fekk me fleire oppmodingar frå ungdomane om at dei måtte få tilbod om Londontur. Dei gjekk jo glipp av fleire kjekke opplevingar når dei var konfirmantar i koronatida.

2. januar i år opna me påmeldinga til Londontur, og dagen etter var turen fullteikna med 50 ungdomar som ville vera med på tur.

Laurdag 22. juni reiste me, litt vel tidleg, men med mange spente ungdomar og vaksne.

Me fekk med oss mykje på dei tre dagane me var i storbyen. Laurdag ettermiddag og kveld var me på Evensong i St. Pauls og på musikalen Lion king. Etter ein veldig tidleg morgon( me reiste kl. 02.30 frå Svortland), var det mange som var glade for å finna senga på hostelet denne kvelden.

Søndag morgon var det opp å få seg frukost før morgonsamling i gruppene. Me hadde tema frå musikalen som utgangspunkt for samlingane. Denne dagen stod sightseeing på programmet, før me var med på gudsteneste i HTB Onslow square. Her blei me verkeleg ønskte velkomne til ungdomsgudsteneste, og det var stor stas med servering av cookies , slush og pølser med brød før gudstenesta starta.

Måndag fortsette programmet, ungdomane hadde på førehand fått velja kva for aktivitet dei ville på denne føremiddagen. Nokre var på Madame Tussauds, ein gjeng fekk omvising på Chelsea sitt fotballstadion – Stamford Bridge, og ein stor gjeng ville vera med på shopping i bydelen Camden.

Om ettermiddagen denne dagen besøkte me Kfuk-hjemmet i Holland Park. Der fekk me høyra om arbeidet dei driv i London. Så var det tid for at ungdomane på eiga hand fekk utforska London. Litt spennande å ha ansvar for å finna fram på undergrunnen sjølv.

For ein flott gjeng ungdomar me hadde med på tur, smilande og blide sjølv om det til tider blei litt lite søvn. Alle me vaksne som fekk vera saman med dei desse dagane kjenner oss takknemlege for å få vera på tur med så flotte og kjekke ungdomar!

Tilbake