Informasjon


Orientering om dåpen

For å starte utfyllingen trengs eit 11-sifret fødselsnummer. Dersom de ikkje har barnets fødselsnummer, kan de bruke dykkar eige. De vil motta ein kode på sms for å gå vidare i prosessen.
Vel kyrkje og dato, og då gjerne to alternativ. Einskilde gudstenester har reduert kapasitet på tal på dåpsborn. Dette kjem dessverre ikkje fram i påmeldingsprogrammet, så først når de har motteke stadfesting frå kyrkja er plassen dykkar reservert. 
I fyrste omgang er det nok å fylle ut navn på barnet og kontaktinformasjon til dykk foreldre. Har de ennå ikkje bestemt navn på barnet, kan de likevel sende påmeldinga.
Etter at dato for dåpen er bekrefta, kan de seinere gå til "Jeg vil åpne en registrering", og oppdatere innholdet med for eksempel faddere. Bruk samme person - og telefonnummer som ved fyrste innlogging.
Opplysningane som me samlar i tilknyting til dåpen vil bli benytta i forbindelse med oppfølging av dåpen. Les meir om dette på våre heimesider.

Har de spørsmål er det berre å ta kontakt med kyrkjekontoret på 459 77 347 eller på e-post: sissel.steinsland.gasland@bomlo.kommune.no