Lykling sokneråd
Fellesrådet legg tilhøva til rette og hjelper til med å organisere arbeidet i kyrkja lokalt på ein best mogleg måte. Fellesrådet har på mange område fått fullmakt til å gjere sjølvstendige vedtak på vegner av sokna. Det vil utfordre sokna til samarbeid og kompromissløysingar. Fellesrådet vil vidare vere viktig som talerøyr for den felles strategien i kyrkjelydane, og for prioriteringar og økonomi overfor kommunen. Kyrkjelova § 14 gir dei konkrete oppgåvene til fellesrådet. (Kjelde: kyrkja.no).