Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Pizza og konsertkveld for konfirmantar med foreldre!


8. april vert det gratiskonsert for konfirmantar og foreldre i Bremnes kyrkje kl. 19.00.

8. april vert det gratiskonsert for konfirmantar og foreldre i Bremnes kyrkje 
kl. 19.00. Då ynskjer me i kyrkja, i samarbeid med den lokale ungdomskonsertarrangøren Skjærgårds LIVE Sunnhordland, å invitere til konsert med australske Paul Colman. 

Paul Colman er eit kjent namn innan den kristne pop/rock sjangeren. Han har gitt ut over 15 plater, vert Grammy nominert og han er ein sann Norges-venn. Colman er opprinneleg frå Australia, men bur i dag i USA. Han har vore mange gongar i Norge, i fjor hadde han også konsert for ungdommar på Bømlo, og det var etter denne konsert at Paul plutseleg hamna på VG-TV etter ein nokså festleg «brunostvideo». Etter dette er han nok for store deler av den norske befolkning meir kjent som «Brunostmannen». Ein kan trygt seie at Paul er like mykje komikar og entertainer som artist. Me gler oss til å få besøk av Paul som i disse dagar er aktuell med si nye plate «Recalculating»

 

Paul Colman på Skjærgårds Music & Mission Festival 2011

Pizzapåmelding for konfirmantar og foreldre gjer du her


 

Tilbake