Tysdag kveld inviterte kyrkja til filmkveld for alle som fyller 7 år i 2016. Les meir om tiltaket og Tru:D.
Som eit ledd i trusopplæringa i kyrkjene på Bømlo vart det tysdag kveld arrangert filmkveld for alle som fylle 7 år i 2016. Klokka 17.30 tysdag kveld strøymde det på med 09’arar til alle dei fire kyrkjene på Bømlo, alle klare for filmkveld. Det var kjøpt inn popcorn i store mengder, og med dempa belysning var det klart for kinostemning. Lite visste me tilsette i kyrkja om at 19. januar skulle vise seg å vera sjølvaste «Popcorndagen» i 2016. Artig samantreff. I tre av kyrkjene vart filmen «I miraklenes tid» vist. Filmen er ein animasjonsfilm frå 2000 som tek sjåarane med tilbake til Jesu tid. Ein føl Jesus gjennom livet hans på jorda og får innblikk i alle undera han gjorde, alt han sa, og til slutt hans siger over døden på korset.
Tiltaket som vart gjennomført tysdag kveld heiter «Tru:D 7 – Filmkveld». Tru:D (les: tru det!) er namnet på heile trusopplæringsløpet som kyrkja ynskjer at alle døypte skal vera med på i løpet av åra dei veks til. Kvart tiltak har difor namnet Tru:D med eit påfølgjande tall som indikerer kva aldersgruppe dette tiltaket er for. Seinare i vårsemesteret er det for eksempel klart for Tru:D 9 i kyrkjene på Bømlo. Tru:D 9 er etter kvart eit godt innarbeid og kjent tiltak, betre kjent som Tårnagenthelg. Då vert alle som fyller 9 år i 2016 invitert til to dagar i kyrkja fylt av aktivitetar som symboljakt, labyrint og mykje anna kjekt. Det er endo ikkje komme på plass tiltak for kvart einaste årskull, men stadig nye kjem til. Meir om Tru:D og alle dei ulike tiltaka kan du lese om her.

