Konfirmasjon


Konfirmasjonstiden i kirken er ikke bare for deg som tror. Å være konfirmant i kirken er like mye for deg som tviler eller bare er nysgjerrig.

Konfirmasjon tyder å stadfeste. Det er Gud som stadfestar at han står ved det som skjedde i dåpen. Konfirmanten skal ikkje stadfeste noko eller avgi noko løfte. Ein kan vere konfirmant sjølv om ein er usikker på om ein trur på Gud. Konfirmasjonsåret er ein moglegheit til å finne ut av kva ein skal tru og meina, og til å bli betre kjend med kyrkja, bedehusa, rett og slett finna sin plass i kyrkjelyden.

Gjennom konfirmasjonsåret er me innom mange av dei største spørsmåla menneske kan grubble på. Samstundes skal det handle om det KONFIRMANTEN er opptatt av. Kort sagt handlar året om tre forhold; Konfirmanten sitt forhold til seg sjølv, til andre og til Gud. Finns det noko viktigare? 
Sjå også sida til Den Norske Kyrkja om konfirmasjon.