Dåp
Dåpen er ein av dei store dagane i familien. Dåpsdagen er ei markering og feiring av barnet som er fødd. Men den er noko meir. Dåp er etit av to sakrament i kyrkja. Det er ei heilag handling kyrkja utfører på oppdrag frå Jesus.

Mange kjensler gjer seg gjeldande når ein er blitt foreldre: glede, takksemde, bekymringar og kanskje blir ein også litt usikker. Midt i dette slepp me å vera åleine. Me skal få leggja barnet i Guds hender. I dåpen møter Gud oss med sin kjærleik, og me får bli Hans barn. Bibelen viser oss at Jesus set barna først, og Han har sagt: Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til (Markus 10.14).
Ved døypefonten får foreldre og fadrar spørsmål om å oppdra barnet i kristen tru. Dette handlar om å la barnet få bli kjent med Jesus, og gå saman med barnet på trusvegen. Denne oppgåva er de ikkje åleine om. Kyrkjelyden har også ansvar for at barnet får opplæring i den kristne trua.
Før dåpen velgjer de mellom to og seks fadrar til barnet. Ein kan velgja personar som er medlem av Den norske kyrkja, eller andre kristne som ikkje forkastar barnedåpen. Fadrane skal ha fylt 15 år.