Tru :D 1 - Myldrekveld

Velkommen til Myldrekveld!

Denne kvelden er eit tilbod til alle 1-åringane på Bømlo. Me ynskjer at dette kan bli ei hyggelig stund mellom deg og barnet ditt med song, rørsle og sosialt samvær. 

Myldrekveld er ein del av trusopplæringstilboda som er i ferd med å koma på plass i kyrkjene på Bømlo. Kyrkja ynskjer å støtte og hjelpe deg som forelder å oppdra barnet i den kristne tura slik de sa ja til då barnet vart døypt. Det er dette trusopplæring handlar om. Myldrekveld er difor ein av fleire samlingar kyrkja tilbyr i denne samanhengen. Andre samlingar er for eksempel mottaking av 4 årsbok og Tårnagent. Gjennom Myldrekvelden ynskjer me å gje deg som forelder lyst til å syngja, lesa og reflektera saman med barnet ditt rundt mange av dei spennande forteljingane ein finn i Bibelen. 

 

Her er datoane for Myldrekveld i 2018:

Bremnes kyrkje tysdag 13. november kl. 17.00
Lykling kyrkje     tysdag 13. november kl. 17.00
Moster kyrkje    tysdag 13. november kl. 17.00
                                                                                                Bømlo kyrkje    onsdag 14. november kl. 17.00

 

 

Spørsmål rettes til:
18. november 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando