Påmelding til konfirmasjon 2019 finn du nederst på sida.

Tru:D 14 - Konfirmantinnskriving

I mars kvart år inviterer kyrkja til informasjonsmøte om det å vera konfirmant. Under innskrivingsmøte får kommande konfirmantar og føresette informasjon om konfirmantopplegget me kan tilby på Bømlo. 

Du kan vera konfirmant i kyrkja sjølv om du er usikker på om du trur på Gud. Du er velkomen uansett om du trur, tviler eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du læra meir om deg sjølv og Gud. Me snakkar om livet - på godt og vondt. Du skal få læra meir om kvifor du vart døypt og kva det betyr. Du skal læra meir om den kristne trua og kva den har å seie for våre liv. Samstundes får du mange nye opplevingar. Konfirmasjonsåret er eit høve til å finne ut av kva du skal tru og meine, og til å bli betre kjend med kyrkja og bedehusa, og rett og slett finna din plass i kyrkjelyden. 

Som konfirmant i Bømlo får du vera med på konfirmanttur med seilskipet Statsraad Lehmkuhl. Du får innblikk i gudstenestelivet, vera med på miljøtiltak, bidra under den årlege fasteaksjonen og sjølvsagt følgje undervisningstimane som er anna kvar veke etter skuletid. Som konfirmant skal du også vera med på den årlege konfirmantfestivalen på Langevåg Bygdatun der konfirmantar frå heile Sunnhordland er med på cup og "plug and play" aktivitetar.

Det vert informasjonsmøte desse datoane i mars:

Bremnes kyrkje tysdag 6. mars kl.19.00

Lykling kyrkje tysdag 6. mars kl. 19.00

Bømlo kyrkje onsdag 7. mars kl. 19.00

Moster kyrkje onsdag 7. mars kl. 18.30 

 


Konfirmantpåmelding 2019
Trykk på kyrkja du høyrer til.
 Bremnes
 Bømlo
Moster
 Lykling
Spørsmål rettes til:
17. august 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando