Tru:D 16/17 - MILK

Kan eg vera ein leiar og ein god medarbeidar?
Har eg det som skal til?
Har eg noko å tilføra andre?
Og kva med forholdet mitt til Gud? 


På MILK-kurs får du jobba med å finna svar på slike spørsmål, og utvikla deg til å bli ein god leiar.


MILK-kurs handlar om gode opplevingar, høg himmel, utvikling og godt fellesskap.

Kurset er for deg som: 
- Er interessert i å læra meir om deg sjølv og det å vera ein god leiar
- Fødd i 2000 eller 2001
- Frå Bømlo


5 kurssamlingar 
19. september     kl.19-21 
31. oktober     kl.19-21
28. november     kl.19-21
20. februar    kl.19-21
20. mars     kl.19-21

MiniWeekend 13.-14. januar
Avslutningsfest 21. april    
Gudsteneste med utdeling av kursbevis 23. april kl.11
Praksis i kristent barne/ungdomsarbeid gjennom heile kurstida


Tema:
- Samarbeid

- Kommunikasjon
- Eigenutvikling
- Du og dei andre
- Du og Gud
- Prioritering
- Mål og styring

Stad:
Alle kurssamlingar blir i Bremnes kyrkje


Praksis:
Første kurskvelden gjer me avtale om kva for eit barne/ungdomsarbeid på Bømlo du skal ha praksisen din i. Eksempel kan vera TenSing Bømlo, KRIK, Varden Rubbestadneset, Aktiv Salem, ZoomIn Gilje, UFO Bømlo, KIMEN Lykling, U-Alpha Laurhammer eller anna lag som er aktuelt for deg.


MiniWeekend:
13.-14. januar reiser me på overnattingstur saman med alle deltakarane på kurset. Kor turen går kjem me tilbake til seinare. Me skal jobba vidare med tema for kurset, og elles ha det sosialt og kjekt ilag.

Kursbevis:
Når kurset er avslutta får du eit bevis på at du har delteke. Dette kan du bruke som dokumentasjon viss du vil jobba vidare som leiar. Kursbeviset kan og vera fint å ta med i ein CV når du søkjer jobb.


Pris: kr 500,-
Inkluderer alt, også kursmateriell og MiniWeekend.


Greit å vite:
- Me forventar at du samarbeider så godt du kan, og deltek på heile opplegget.
- Dersom du blir forhindra frå å møta på ein kurskveld, avklar dette med ein kursleiar.
- Kursbeviset du får kan vera fint å ha med på ein CV når du seinare skal søkja jobb. 
- Dersom mange melder seg på vil dei første påmelde bli prioritert.

Påmelding:
Du kan melde deg på til MILK-kurs på www.bomlo.kyrkja.no 
Påmeldingsfrist: 15.juni 


Har du spørsmål er du velkommen til å ta kontakt med oss på kyrkjekontoret.

Venleg helsing kyrkjene på Bømlo
Bømlo Kyrkjelege Fellesråd
Leirdalen 1, 5430 BREMNES
Telefon: 53 42 32 86/89


Epost: 
liv.merete.pedersen@bomlo.kommune.no
laila-hansen.roksund@bomlo.kommune.no 

 

Spørsmål rettas til:

Åse Innvær

Kyrkjelydspedagog
 53 42 32 95
 Send e-post

Liv Merete F. Pedersen

Kyrkjelydspedagog
 53423286
 Send e-post

Laila Hansen Røksund

Kyrkjelydspedagog
 53423289
 Send e-post
17. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando