Tru:D 3 - Krøllekveld
Krøllekveld er ein del av trusopplæringstilboda som er i ferd med å komme på plass i kyrkjene på Bømlo. Krøllekveld er nytt på Bømlo i år, og er ei hyggeleg stund i kyrkja for deg og barnet ditt med song, rørsle, forteljing og sosialt samvær. Saman skal me lese og høyre ei forteljing om ein liten sau som gjekk seg vill. 

Kyrkja ynskjer å støtte og hjelpe deg som forelder i å oppdra barnet i den kristne trua slik de sa ja til då barnet vart døypt. Det er dette trusopplæring handlar om. Krøllekveld er difor ein av fleire samlingar kyrkja tilbyr i denne samanhengen. Andre samlingar er for eksempel mottaking av 4-årsbok, barnebibel for 6-åringar, Tårnagent og LysVaken. 

Gjennom Krøllekvelden ynskjer me å gi deg som forelder lyst til å lese og reflektere med barnet ditt rundt mange av dei spennande forteljingane ein finn i Bibelen. 

På samlinga vil alle vaksne også få råd og tips om kristen barnelitteratur, og korleis bruke dette på ein god måte.

Spørsmål rettes til:

Åse Innvær

 53 42 32 95
 Send e-post

Liv Merete F. Pedersen

 53423286
 Send e-post

Laila Hansen Røksund

 53423289
 Send e-post
29. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando