Tru:D 7 - Påskedrama
I haust var du kanskje i kyrkja og fekk boka «Bibelen for dei små – tidlause bibelhistoriar»?
 
Denne gongen inviterer me deg som blir 7 år i 2019 til påskedrama i kyrkja. Då kan du få bli med i påskedramaet og alt som skjedde i påskeveka.
 
Me skal ha ei gudsteneste der me er med i heile påskedramaet frå palmesøndag til påskedag. Du som er sjuåring får vera med å dramatisera hendingane som skjedde. Me øver på dette før gudstenesta startar.
 
Dette er ei spennande og heilt annleis gudsteneste som er open for alle. Inviter gjerne med deg foreldre, besteforeldre,søsken og vener til gudstenesta.  

Invitasjonen vert berre sendt til dei som er døypte og tilhøyrande (ein av foreldra er medlem) i kyrkja. Dersom de veit om andre på første trinn som ikkje har fått invitasjon,
er dei sjølvsagt hjarteleg velkomne til kyrkja på påskedrama dei òg!

 

Her er oversikt over kva tid det vert Tru:D 7 Påskedrama våren 2019:

 

Lykling kyrkje         laurdag 6. april kl. 12.45 Gudstenesta startar kl. 13.30

Bremnes kyrkje     laurdag 6. april kl. 15.45 Gudstenesta startar kl. 16.30  

Bømlo kyrkje         Palmesøndag  14. april kl.14.15 Gudstenesta startar kl. 15.00                                    Moster kyrkje        torsdag 11. april kl. 17.15 Gudstenesta startar kl. 18.00

 

 

 

Påmelding til Påskedrama

 

 

 
 
 
Spørsmål rettes til:

Marta Havn

 53423295
 Send e-post

Liv Merete F. Pedersen

 53423286
 Send e-post
19. juli 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando