Som Tårnagent får du utforske kyrkja, Bibelen, tårnet og kyrkjeklokkene. Agentane vil gjennom desse dagane måtte løyse oppdrag og mysterium, du vil få ein eigen agentkode og på søndagen vil alle som kjem til kyrkja få vite kva agentane har funne ut.
Alle agentane bur heime, men vil vere saman både laurdag og søndag. 
Kyrkjetårn, symboljakt eller oppdrag og mysterium
Har du lyst å gå på symboljakt i kyrkja? Lurer du på kva slags mysterium du finn i Bibelen? Likar du agentmat? Veit du at det står noko utanpå alle kyrkjeklokkene i landet?
Bli med då vel!
Datoar for Tårnagent 2019:
Lykling kyrkje 16. og 17. februar
Moster kyrkje 16. og 17. februar
Bremnes kyrkje 9. og 10. mars
Bømlo kyrkje 9. og 10. mars
Under kan du sjå film frå Tårnagenthelga i Uskedal kyrkje i 2013 og høyre Tårnagentsongen som også vert brukt på Tårnagenthelga i kyrkjene på Bømlo.