Påmelding på nett

Me har heilt nyleg gått over til påmelding til dåp her på nettsida. Link til påmeldingsskjema finn du til høgre her på sida. For påmelding treng vi fødselsnummer til barnet, mor og far. Så ha dette klart ved påmelding.

 

Har du spørsmål? Ikkje vær redd for å ta kontakt på
53 42 32 85 eller 53 42 32 92

Tru:D - Dåp

Til lukke med barnet. Kyrkjelydane i Bømlo vil ynskja dykk til lukke med barnet de har fått, og velkomne til dåp! Vil du vita meir om kyrkja sitt syn på dåpen, kan du gå til Den Norske Kyrkja si side om dåpen. Særleg ber me dykk merka nokre av dei tinga som er nemnde der.

Gåve og oppgåve?
Ved å døypa borna gjev me borna del i ei stor og viktig gåve. Samstundes tek me på oss ei oppgåve. 
Foreldre, fadrar, og kyrkjelyd lovar

saman å gje borna ei kristen oppseding. Det tyder at døypte born har rett til opplæring i kristen tru!

Fadrar
Når de vel fadrar, tenk då på kva som er fadrane si viktigaste oppgåve, kva dei er med og lovar. Dei skal vera med å be for barnet og hjelpa til at barnet kan få ei kristen oppseding.


Foreldre
Foreldra er sjølvsagt dei næraste til å gje barnet ei kristen opplæring. Lovnaden ein gjev, er ikkje først og fremst til presten, men til barnet og til Gud.

Ugifte foreldre
Etter endringar i barnelova, som tråtte i kraft 1.januar 2006, har sambuarar automatisk felles foreldreansvar for felles barn. Farskapet må vera stadfesta.

Fram til dåpen skal de gå fram slik: 

- Fyll ut elektronisk skjemaet på nettsida og send inn.
- Det mest vanlege er å døypa i den kyrkja ein soknar til, men ein har høve til å velja ei anna kyrkje om det er ynskjeleg.
- På det elektoniske skjemaet her på sida skal de føra på personnummer og namn på barnet og foreldra.

- Det må også finnast 2-6  fadrar.
- Helsing til fadderane vert delt ut til foreldre i dåpssamtalen og får ansvar for å levere dette vidare til fadrane.

Ta kontakt med kyrkjekontoret om du lurar på noko. Telefon 53 42 32 92 / 53 42 32 85.


Dåpsamtale/møte
De vert kontakta i veka før dåpen med invitasjon til dåpssamtale i kyrkja. Det vert ofte skipa til eit dåpsmøte med fleire dåpsbarn og foreldre i kyrkja der ein går gjennom dåpsliturgien, snakkar litt om dåpen si gåve og oppgåve, og om det praktiske rundt dåpshandlinga i kyrkja. Det er oftast torsdagen eller fredagen i same veka som dåpen skal vera.

 

Spørsmål rettas til:

Sissel Johanne Fylkesnes Våge

Diakoniarbeidar
 53423285
 Send e-post
13. desember 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando